Straumpris, kablar og klima

Av Mange Vågsland, energirådgiver/sivilingeniør

Nå har det vore fleire oppslag om at prisen på straum har stige kraftig. Men oppslaga er lite eigna til å bli klok av.

Alle har jo registrert at det har vore kaldt i Sør-Noreg den siste tida, men det er ein særs liten årsak til at prisen er høg. I heile perioden har eksporten gått for fullt, og så langt er nettoeksporten 1,38 TWh.

Fyllinga i magasin er historisk høg, men det har blåse lite i Danmark og Tyskland. Dette fører til at når dei viktigaste kablane går dit, blir prisen i Sør-Noreg langt høgare der enn i landet nord for Dovre. I fleire dagar er prisen 10 øre/kWh lågare i Trøndelag enn det den er lengre sør.

Derfor er det ikkje magasinfylling eller temperatur som er viktigaste grunn til høge prisar, men at kablar til Danmark, Tyskland og Nederland importerer prisen derifrå.

FORETAK

 

Tekniske Nyheter AS

Glomboveien 33
1678 Kråkerøy

Kontakt oss

ANSVARLIG REDAKTØR

 

Stig Granås

 

Se personvernerklæring

FACEBOOK OG RSS

Følg oss på Facebook Abonner på RSS feed

Kopirett © 2013
Tekniske Nyheter

 

Webdesign & drift: JKWEB