– Solkraft er ikkje klimanøytral

I fleire artiklar har Energirapporten hatt fleire reportasjar som reklamerer for omfattande montering av solceller. Desse reportasjane er eigna til å spreie myter om kor klimavenlege slike prosjekt er. Det blir jo gjerne framstilt som at elektrisitet frå solceller er 100 % fornybar eller at energien er klimanøytral. Det er den jo ikkje. Sjølv om det har vore stor utvikling i både produksjon, effektivitet og levetid, er det ikkje slik at det ikkje er bruka fossil energi fram til at solcellene er monterte på tak. Opplysning om kor stor fossil CO₂-faktor solstraumen har, er det konsekvent ikkje opplyst om. Denne faktoren er det vanskeleg å finne god forskning på. Her fann eg ein artikkel frå 2013 der den fossile CO₂-faktoren er 30 – 40 g/kWh. Der blir det referert til en Andersen som har skrive:

”Det har hittil ikke vært noen vesentlig debatt om negative miljøkonsekvenser av solcelleindustrien. Solceller har på mange måter vært framstilt som den mest uproblematiske formen for fornybar elektrisitetsproduksjon. Dette bildet endres radikalt når tilvirkningen av solcellene tas med i vurderingen.”

Magne Vågsland. Foto: Anne Guri Solem


Det ser ut til at dette også kan vere representativt for den informasjonen som nå blir presentert. I denne frå 2016 blir det opplyst om at CO₂-faktoren er 70 g/kWh og gjerne høgare dersom panelet er produsert i Kina med kolkraft. Problemet er at det er store sprik i dei tala ein finn og der det sjølvsagt vil vere store variasjonar alt etter kva breiddegrad som er lagt til grunn. Så er det og slik at den energien som kjem til nytte frå solceller er cirka 10 % mindre enn den teoretiske produksjonen frå solcellene. Dette skuldast tap til vekselrettar og overføring. Det eg etterlyser er svaret på brøken der all fossil CO₂ er over streken og der energimengda som kjem til nytte er under streken.

Uansett er det ingen tvil om at elektrisitet frå solceller er mindre rein enn norsk vasskraft (7 g CO₂ pr. kWh) og norsk miks (17 g CO₂ pr. kWh). Det betyr og at ingen norske forbrukarar lagar mindre skade på klimaet om dei har eigen solstraum. Dersom dette var klart for dei som investerer, ville jo heile festen for solcelleentreprenørane bli øydelagd.

Så kan ein kanskje legge til at dersom (når) det blir mangel på elektrisitet i Norge, vil solstraum vere eit godt alternativ. Betre enn vindkraft som øydelegg store naturverdiar. Men det vil ta mange år til at Norge i eit normalår ikkje vil ha overskot på straum. Dersom motivet skulle vere å auke eksporten, er det vel neppe nokon god grunn til å montere solcellene langt mot nord?


Av Magne Vågsland, energirådgiver/sivilingeniør

 

 

FORETAK

 

Tekniske Nyheter AS

Glomboveien 33
1678 Kråkerøy

Kontakt oss

ANSVARLIG REDAKTØR

 

Stig Granås

 

Se personvernerklæring

FACEBOOK OG RSS

Følg oss på Facebook Abonner på RSS feed

Kopirett © 2013
Tekniske Nyheter

 

Webdesign & drift: JKWEB